Lokale gåver til lokale bedrifter

Me tilbyr fleire kjekke gåvepakningar i ulike prisklassar, med smakfullt innhald. I våre pakkar har me valgt ut populære og premierte produkt frå lokale produsentar. Me skreddarsyr gjerne gåver til dine ansatte og forretningsforbindelsar.

Ta kontakt så ordnar me resten!

www.akrafjordtunet.no

Døme på pakke

Gåvepakkar

Leveres ferdig pakka i flotte gåveesker - inkludert i prisen.

Pakke: Ei med alt

Ei med alt

Ei gåve som inneheld nesten alt av våre godsaker. Hardanger eplejuice, skakkelaks, heimalaga flatbrød, gourmet krydder, syltetøy frå Tveit, hermetiserte plommer, åkrafjordpølsa, spekeskinke oppskjert, pepperoni og vestlandsmorr.

Kr 625,-/719,- (ex./inkl. mva.)

Pakke: Litt av kvart

Litt av kvart

Vår mest populære gåve. Inneheld heimalag flatbrød, vestlandsmorr, spekesnadder, oppskjert åkrafjordpølsa, trøffler, spekeskinke oppskjert, kryddersalami oppskjert og eplejuice frå Hardanger og julakaffi.

Kr 465,-/535,- (ex./inkl. mva.)

Pakke: Spekepakken

Spekepakken

Her får du ein rein spekepakke. Inneheld oppskjert spekeskinke, oppskjert vestlandsmorr, oppskjert fjellgo, oppskjert kryddersalami, oppskjert pepperoni, spekesnadder og salamisnacks.

Kr 255,-/293,- (ex./inkl. mva.)

Pakken: Ei med alt

Frukt & fuktig

Inneheld hermetiske plommer, 2 sortar eplemost, trøfler, syltetøy og matgelé frå Tveit Gard.

Kr 289,-/332,- (ex./inkl. mva.)